Gå til sidemenyen

Randaberg kommune

Sammen skaper vi den grønne landsbyen
Intensjonsavtalen for Utsteinalternativet vart signert fredag 22. april, av ordførarane (f.v.) Mirjam Ydstebø (Kvitsøy), Kristine Enger (Randaberg), Henrik Halleland (Finnøy) og Dagny Sunnanå Hausken (Rennesøy).

Intensjonsavtalen for Utsteinalternativet vart signert fredag 22. april, av ordførarane (f.v.) Mirjam Ydstebø (Kvitsøy), Kristine Enger (Randaberg), Henrik Halleland (Finnøy) og Dagny Sunnanå Hausken (Rennesøy).

Kommunereform

Stortinget har gitt støtte til å gjennomføre ein kommunereform der målet er større og meir robuste kommunar.

"Utstein kommune"
Som ledd i arbeidet med å greie ut og vurdere mogelege endringar i gjeldande kommunestruktur, har Randaberg, Rennesøy, Finnøy og Kvitsøy gjennomført naboprat for å avklare sentrale problemstillinger og utfordringer, knytta til eventuell etablering av ein ny mellomstor kystkommune langs aksen frå Randaberg (og Kvitsøy) til Finnøy.

Ordførarane og rådmennene satte i møte 29. februar rammer, framdriftsplan og hovudpremissar for vegen vidare.

Referat fra nabopratene

Fakta

  • Per 1. januar 2014 er det 428 kommunar i Noreg.
  • Samanlikna med kommunane i Europa er norske kommunar store, medan norske kommunar er relativt små samanlinkna med nabolanda i norden. Årsaken til dette er at nordiske kommunar har større oppgåveportefølje enn mellom- og søreuropeiske kommunar.
  • Det er 50 år sidan siste store endring i kommunestrukturen i Noreg (samanfall med innføring av niårig skule for alle).
  • Sidan 1970 har folketalet i Noreg aukt med vel 1,2 mill. innbyggarar (+ 32 prosent). Sidan 1985 har veksten vore på 22 prosent.
  • Folketalet i dei store kommunane aukar, medan det er nedgang i folketalet i kommuner som har under 4 000 innbyggarar.
    (Kjelde: regjeringen.no)

Nytt kommunekart
Det nye kommunekartet skal bli til gjennom regionale og lokale prosessar. Alle kommunane i landet er invitert til å delta, med sikte på å vurdere og å avklare om det er aktuelt å slå seg saman med nabokommunar. 

Fylkesmannen, i samarbeid med KS, skal medvirke til å gjennomføre dei regionale prosessane. Reformperioden varer fram til nasjonale vedtak er fatta, innan 1. januar 2018. Innbyggarane vil bli informert gjennom kommunen sine nettsider og andre medier.

Bakgrunnen

   "Alle landets kommuner vil høsten 2014 bli invitert til å delta i prosesser med sikte på å vurdere og å avklare om det er aktuelt å slå seg sammen med nabokommuner".

Regjeringa sine mål
- Gode og likeverdige tenester til innbyggarane.
- Heilskapleg og samordna samfunnsutvikling.
- Berekraftige og økonomisk robuste kommunar.
- Styrkt lokaldemokrati.

Kommunereforma skal leggje til rette for at fleire kommunar slår seg saman. Færre og større kommunar skal gi betre kapasitet til å ivareta og vidareutvikle lovpålagde oppgåver, gi betre høve til å utvikle berekraftige og gode lokalsamfunn, og dessutan ivareta viktige frivillige oppgåver. Som eit generelt prinsipp skal reforma leggje grunnlaget for at alle kommunar kan løyse dei lovpålagde oppgåvene sine sjølve.

Tre kriterier for å få ein god kommunestruktur
(Frå "Ekspertutvalet")
1) Kommunane bør ha minimum 15.000–20.000 innbyggarar for å sikre ei god oppgåveløysing.
2) Kommunestrukturen bør i større grad nærme seg funksjonelle samfunnsutviklingsområder.
3) Staten bør redusere detaljstyringa, og ordninger for politisk deltaking bør vidareutviklast for å sikre gode og slagkraftige, demokratiske arenaer.

Samarbeid lokalt
Arbeidet framover vil skje i nært samarbeid med Jærrådet, nabokommunar som ikkje er med i Jærrådet, Fylkesmannen i Rogaland, KS regionalt og KS Storbynettverk.

Utgreiingsarbeidet skal sikre eit kunnskapsgrunnlag som;

  • peiker på utfordringer ved kommuneinndelinga i dag, og som
  • drøftar konsekvensane ved alternative kommuneinndelingar.

Tidsplan
Sommaren 2016: Kommunene fatter vedtak
Våren 2017: Regjeringa planlegg å fremme ein samla proposisjon til Stortinget om ny kommunestruktur.
Ikkje seinare enn 01.01.2020: Iverksetting av samanslåingane. Kommunestyrevalet hausten 2019 blir val til dei nye kommunestyra.

Les meir