Gå til sidemenyen

Randaberg kommune

Sammen skaper vi den grønne landsbyen

Budsjett 2014

Budsjett 2014. Økonomiplan 2014 - 2017.

Kommunestyret si handsaming av budsjettet
Kommunestyret gjorde endeleg vedtak i budsjettsaken i sitt møte torsdag 19. desember. Protokoll frå møtet 19.12.2013, inkl. forslaga til budsjett frå Ap, Krf, H/Sp/Frp og Venstre. Her kan du sjå WebTV-sendinga frå møtet (lenke til budsjettsaken).

Formannskapet si handsaming av budsjettet
Torsdag 5. desember handsama formannskapet budsjett 2014 og økonomiplan for 2014-2017. I møtet vart det presentert tre ulike budsjettframlegg; frå Ap, frå KrF og eit fellesforslag frå H, Sp og Frp.

Protokoll frå møtet 5.12.2013 i formannskapet, inkl. forslaga til budsjett frå Ap, Krf og H/Sp/Frp.

Her kan du fylgje budsjettsaken frå formannskapet på Randaberg kommune WebTV

Investeringar for 600 millionar kroner
Samla vil Randaberg kommune bruke 480 mill. kroner på lønnsutgifter i 2014 og kjøpe varer og tenester for 150 mill. kroner. Investeringar på 115 mill. kroner kjem i tillegg. Det vil bli investert for over 600 mill. kr i økonomiplanen. Desse investeringane vil i hovudsak bli finansiert med låneopptak, noko som inneber at netto lånegjeld aukar frå under 500 millionar kroner til 800 millionar kroner i 2017. I 2017 vil netto lånegjeld bli på over 70 000 kroner per innbyggar.

Mindre til drift
Gjennom mange år med nøktern drift, effektivisering og god økonomistyring, har kommunen eit realistisk utgangspunkt for vidare vekst og utvikling. Blant anna må kommunen bruke mindre pengar på drift i åra framover for å gjennomføre dei planlagte investeringane. Driftsbudsjettet er redusert med over 10 millionar kroner for å ta høgde for både nye oppgåver og vekst i talet på eldre og brukarar med store hjelpebehov. Nedgang i folketalet gjev i tillegg dårleg uttelling frå statsbudsjettet, saman med omlegging av tilskotsordninga til private barnehagar.

Ekstra kraft og muskler
Rådmannen foreslår å vidareføre eigedomsskatten på same nivå som i 2013, men prisjusterer skatten med prisveksten frå 2013 til 2014. Randaberg kommune får også utbytte og renter/avdrag frå Lyse. Saman gjev desse inntektene Randaberg ekstra kraft og muskler når det skal leggast til rette for ei god drift og eit høgt investeringsnivå.

Viktige investeringar
"Mulighetsstudien" i 2010 la føringar for investeringane framover. Desse føringane er vidareført i rådmannen sitt forslag til investeringar i økonomiplanperioden 2014-2014. Viktige investeringar i økonomiplanen er:

  • Sunnhetsgrenden, "Vardheimprosjektet":
    Bofelleskap, ny sjukeheim: 115 mill. kr brutto i 2014-2016.
    Bygging nye arbeidsplassar Randaberg Arena: 35 mill. kr.
  • Ny Harestad skule (ungdomsskuledelen):
    210 mill. kr i 2014-2017 (inkl. 5 mill. kr i 2013).
  • Rehabilitering av svømmehallbygget, Randaberghallen:
    7 mill. kr til ferdigstilling i 2014.
  • Ny barnehage: 35 mill. kr i 2014-2015.
  • Barnebolig: 7 mill. kr i 2016
  • Bygging av nye leigebustader knytta til eksisterande bofellesskap:
    10 mill. kr i 2014-2015.
  • Forskottering av kryss Goavegen/Kyrkjevegen: 30 mill. kr i 2015-2016.
  • Utbetring av Goavegen, frå Kyrkjevegen til Varheivegen:
    20 mill. kr i 2017.
  • Innløysing av areal Mekjarvik Sør: 15 mill. kr i 2015.
  • VAR-investeringar: 50 mill. kr i 2014-2017.
  • Gang- og sykkelvegar: 25 mill. kr i 2014-2017.

Aktuelle dokument:

Alle dokumenta over er rådmannen sitt forslag til budsjett 2014/økonomiplan 2014-2017 og er pdf-filer i lågversjon.

Budsjett-presentasjonar: