Gå til sidemenyen

Randaberg kommune

Sammen skaper vi den grønne landsbyen

Tungenes fyr

Tungenes utgjer den nordlege enden av Jæren, og byrjinga på innseglinga til Stavanger. Eit fyr blei etablert her i 1828, etter initiativ frå både byborgarar og sildefiskarar. I dag er fyret kulturarena og museum og drivast i samarbeid med Jærmuseet.

Tungenes utgjer den nordlege enden av Jæren, og byrjinga på innseglinga til Stavanger. Eit fyr vart etablert her i 1828, etter initiativ frå både byborgarar og sildefiskarar. I dag er fyret kulturarena og museum og drivast i samarbeid med Jærmuseet.

Nokre talglys i eit loftsvindu i Tungevågen leidde fiskarane inn til Stavanger, og silda gav byen store inntekter. Fyret blei seinare oppgradert og modernisert og utgjorde etter kvart eit viktig seglingsmerke for all skipstrafikk i området. Etter siste utbygging i 1959 består anlegget av fire bygningar: fyrbygning, uthus, fyrvoktar- og fyrbetjentbolig.

I 1984 blei fyret avfolka og erstatta med ei lykt på skjæret "Bragen" utanfor neset. Tungenes Fyr er i dag først og fremst eit kulturelt fyrtårn med eit mangfaldig aktivitetstilbod. I fyrbygningen kan du oppleva korleis fyrvaktaren og familien hans budde på 1930-talet, i uthuset finn du ulike temautstillingar.

Kaféen tilbyr god kaffimat
Tungenes og områda rundt er populære utfartsstader for befolkninga i Sør-Rogaland og for turistar. Naturopplevingane er storslåtte og rike i all slags vêr og til alle tider, med skipsleia utanfor har ein alltid ein følelse av at noko skjer her. Mange kombinerar besøket på Tungenes med ein gåtur i Tungevågen.

Tungenes fyr er ein del av Kystverkmusea, etatsmuseum for Kystverket.

Åpningstider
Høst, vinter og vår er fyret åpent hver søndag kl. 12 - 16. I skoleferien åpent hver dag kl. 12 - 16. Fyret er stengt desember og januar.

Utleie Tungenes fyr
Tungenes fyr har lokaler til utleie for møter, kurs, runddager og bryllup.
Her kan du leie kafeen i den tidligere betjentboligen, hvor det kan dekkes til inntil 60 personer. Kafèen har middagstallerkener, desserttallerkener, bestikk, vinglass, kaffekopper, asjetter, termokanner, vaser og telysholdere, kaffetrakter og vaffeljern. Gå inn her for mer informasjon om utleie av Tungenes fyr.