Gå til sidemenyen

Randaberg kommune

Sammen skaper vi den grønne landsbyen
Grøderøysa er frå bronsealderen, er 40 meter lang, 9 meter breid og 3 meter høg.

Grøderøysa er frå bronsealderen, er 40 meter lang, 9 meter breid og 3 meter høg.

Kulturvern i Randaberg

Kulturvern omfattar Tungenes fyr, Vistnestunet og kultur- og fornminner i Randaberg.

Med kulturminner meiner ein alle spor etter menneskeleg verksemd i vårt fysiske miljø, inklusiv lokalitetar det knyttar seg historiske hendingar, tru eller tradisjon til. Slike minner er automatisk freda etter kulturminnelova.

Ruinane etter Viste mellomalderkyrkjeKulturlandskapet som historiebok
Kulturminne er alle spor etter menneska gjennom tidene - som på biletet til høgre frå ruinane til Viste kyrkje frå mellomalderen.

Fornminna er dei kulturminna som er eldre enn reformasjonen (år 1537). Dei er automatisk freda ved kulturminneloven, nyare kulturminne kan fredast etter særskilt vedtak. Når slike einskilde kulturminne inngår i ein større samanheng og heilskap med andre kulturminne i landskapet snakkar vi om eit kulturmiljø. I Rogaland er to slike kulturmijø freda etter kulturminneloven; Utstein kloster i Rennesøy kommune og Sogndalsstrand i Sokndal kommune.


Kulturlandskapsarter

På same vis vil planter, dyr og insekter i kulturlandskapet, såkalla kulturlandskapsartar og kulturmarkstypar, kunne seie mykje om korleis jordbruksdrifta har vore opp til i dag. Artar som røsslyng i lyngheia, vipe og spove i opent lende, humleartar langs steingardar, sumarfuglar på gamal slåttemark, eller dei mange spesielle sopp-artane knytt til ugjødsla beitemark - alle representerer dei eit rikt biologisk mangfald som gjennom tidene har tilpassa seg eit liv i kulturlandskapet. Mange av dei er avhengig av at den tradisjonelle bruken vert helden ved like. Nokre er svært sjeldne og står i fare for utrydding når den tradisjonelle bruken endrar seg.