Gå til sidemenyen

Randaberg kommune

Sammen skaper vi den grønne landsbyen
Frå Vistehåla med utsyn mot Vistebukta i sør.

Frå Vistehåla med utsyn mot Vistebukta i sør.

Vistehola og "Visteguten"

Vistehola - eller Svarthola - er truleg danna i slutten av siste istid - og har vore boplass i meir enn 7500 år.

Vistehola, eller Svarthåla, ligg ved foten av ein bratt, aust-vest gåande skiferknaus eit par hundre meter opp frå stranda på nordsida av Vistevika. (Sjå kart her). På avstand virker hola djup, mørk og hemmeleg. Difor kalte Randabergfolk staden for "Svarthåla", heilt fram til arkeologar for 75 år sidan byrja sine første undersøkingar, og endra navnet til Vistehola. 

Historia til Vistehola kan du lese her (AmS Småtrykk 13, 1983)

Dei første utgravingane
I 1907 foretok konservator Tor Helliesen ei mindre undersøking i hola sin austre del. Det vart funne restar etter ein gammal boplass og skjelettdelar av fleire menneske, blant anna eit nesten komplett skjelett av ein omlag 15 år gammal gut - Visteguten.

Det 7 500 år gamle skjelettet av Visteguten er det mest komplette steinalderskjelettet vi har, og det tredje eldste skjelettfunnet i Noreg i det heile. I dag er den mørke hovudskallen og beina utstilte i ein glasmonter på Arkeologisk museum i Stavanger.

Visteguten - 15 år og 1,25 meter høg
Beinanalysane viser at Visteguten berre vart 15 år. Han raga knappe 1,25 meter over bakken og levde truleg saman med ei gruppe på 10 – 15 mennesker. Dei åt fisk, mykje torsk, noko østers, muslingar, skarv, elg og villsvin.

Det er laga modell av hovudet til Visteguten på Arkeologisk museum. Modellen viser at Visteguten har hatt såkalla båtskalle, ei medfødd misdanning som gjer hovudskallen lang og smal. Arbeidet viser vidare at den kortvaksne guten ikkje var nokon spjæling.

- Eit robust individ
– Ut ifrå denne rekonstruksjonen kan vi sjå at han må ha vore muskuløs, ja rett og slett eit robust individ. Så det er ikkje sikkert han har vore sjukleg, slik ein har trudd. Ut ifrå beinanalysane ser han ikkje sjuk ut, og han har ikkje andre misdanningar enn båtskallen, fortel Jenny Barber, masterstudent ved universitetet i Dundee i Skottland, som har laga modell av hovudet til den unge guten.