Gå til sidemenyen

Randaberg kommune

Sammen skaper vi den grønne landsbyen
"Havet burar, stormar riv og regnet driv".

"Havet burar, stormar riv og regnet driv".

Song til Randaberg

Tileigna Randaberg Songlag i 1912.

Tone: "Mot i brystet".

Randaberg, vår fagre bygd, med grøne voll og vangar.
Blåe hav med øy og skjær ligg rundt ikring.
Her bur folket trygt og fritt på fedregardar mange.
Gamal odel er av alt den beste ting.
Her dei ligg i rad: Rygg og Harestad,
Sande Bø og Viste, Goagrend.
Her med stend på sagastad, men nemner oppatt Goa, i frå Håkons skibreida so er ho kjend.

Randaberg med blaute myr og lyng og steinut lende.
Havet burar, stormar riv og regnet driv.
Mørke tankar smyg seg inn i hug og sinn kan hende,
sut og saknad, mismot svart i hjarta riv.
Stormen stilna av, stilt vert borut hav, sol frå blanke himmel voner gjev.
Tru og von og trufast arbeid er vårt adelsmerke,
fedres ande sterk forvisst om bygda sviv.

Her i Randaberg på ny skal song og gleda vakna,
livsens gleda rein og klår i unges barm.
Song og ungdoms tru me mang ein gong har sakna,
livet var så fullt av sut og sorg og harm.
Kom då jenta, gut: syng, syng, syng det ut,
det som djupast inn i hjarta brenn.
Opp og fram mot ljos og lukka vil me alle stemna
og med tru og voner visst at me kjem fram.

H. Midtun.