Gå til sidemenyen

Randaberg kommune

Sammen skaper vi den grønne landsbyen
Rakel Enge (85) og Knut A. Bø (84), til venstre i fotomontasjen over, minnast krigsåra og fredsdagen på Bø og i Randaberg.

Rakel Enge (85) og Knut A. Bø (84), til venstre i fotomontasjen over, minnast krigsåra og fredsdagen på Bø og i Randaberg.

Krig og fred i Randaberg

2015 er eit historisk viktig år. 75 år er gått sidan Noreg vart okkupert av Tyskland (9. april 1940), og det er 70 år sidan frigjeringa og slutten på andre verdskrigen (8. mai 1945).

Det rolege livet på gardane på Ytre Bø fekk ein brå slutt ved krigsutbrotet 9. april 1940. Naboane Rakel Enge og Knut A. Bø - den gong 10 og 9 år, no 85 og 84 år - var vitne til at okkupasjonsmakta bygde det største militærbatteriet i Randaberg, like utanfor stoveglasa.

Saman med dei to minnast vi krigsdagane og dagen då freden kom til Bø og Randaberg, 8. mai 1945. Gjennom 11 små filmsnuttar (YouTube) får du her eit unikt innblikk i korleis Rakel og Knut opplevde krig og fred i Randaberg, for meir enn 70 år sidan.

- Det er ikkje skule i dag, fordi det er krig
Lengde: 1:42 min (klikk på biletet til høgre for å sjå filmen).
Innhald: Rakel og Knut fortel om då skulen vart stengt på grunn av okkupasjonen.
   Illustrasjon filmar Krig og fred 01 200 x 90
Tyskarane tar huset
Lengde: 4:46 min (klikk på biletet til høgre for å sjå filmen).
Innhald: Rakel fortel om den gong tyskarane tok huset deira - og dagen dei fekk flytte attende.
 Illustrasjon filmar Krig og fred 02 200 x 90
Mange nasjonalitetar
Lengde: 1:54 min (klikk på biletet til høgre for å sjå filmen).
Innhald: Rakel og Knut minnest at det var soldatar frå mange ulike nasjonalitetar stasjonert på Bø.
 Illustrasjon filmar Krig og fred 03 200 x 90
Mat
Lengde: 2:11 min (klikk på biletet til høgre for å sjå filmen).
Innhald: Rakel fortel om byfolket som ofte måtte gå "tiggarrundar" hjå bøndene for å skaffe seg mat.
 Illustrasjon filmar Krig og fred 04 200 x 90
Geita - maskoten
Lengde: 1:29 min (klikk på biletet til høgre for å sjå filmen).
Innhald: Knut fortel om geita, maskoten til dei tyske soldatane, som nokre gutfantar frå Bø slapp laus på galleriet i Randaberg kyrkje.
 Illustrasjon filmar Krig og fred 02 200 x 90
Flyet
Lengde: 2:10 min (klikk på biletet til høgre for å sjå filmen).
Innhald: Rakel fortel om det tyske flyet som måtte naudlande på sjøen utanfor Bø - og som seinare søkkte.
 Illustrasjon filmar Krig og fred 02 200 x 90
- Det hagla med stein
Lengde: 2:12 min (klikk på biletet til høgre for å sjå filmen).
Innhald: Rakel fortel om då ho og broren vart overraska av tysk kanonskyting, då dei var ute og arbeidde i hagen utanfor huset.
 Illustrasjon filmar Krig og fred 07 200 x 90
- Du berga livet mitt du, Rakel!
Lengde: 1:39 min (klikk på biletet til høgre for å sjå filmen).
Innhald: Rakel berga venninna frå å bli skoten av ein tysk soldat.
 Illustrasjon filmar Krig og fred 08 200 x 90
Postmannen
Lengde: 1:27 min (klikk på biletet til høgre for å sjå filmen).
Innhald: Knut fortel om "Postmannen", den tyske soldaten som kvar dag gjekk med post frå sentrum og til Bø - i selskap med ein stor schäferhund.
 Illustrasjon filmar Krig og fred 09 200 x 90
Minefeltet
Lengde: 2:13 min (klikk på biletet til høgre for å sjå filmen).
Innhald: Rakel og Knut fortel om minefeltet som vart bygd rundt gardane på Bø.
 Illustrasjon filmar Krig og fred 10 200 x 90
Fredsdagen -
Krigen e' slutt! Krigen e' slutt!

Lengde: 4:02 min (klikk på biletet til høgre for å sjå filmen).
Innhald: Rakel og Knut minnest fredsdagen på Randaberg.
 Illustrasjon filmar Krig og fred 11 200 x 90