Gå til sidemenyen

Randaberg kommune

Sammen skaper vi den grønne landsbyen

Kommunevåpenet

Våpen

Randaberg kommune sitt kommunevåpen vart godkjent ved kgl. res. den 26. juni 1981. Våpenet er teikna av Truls Nygaard, etter forarbeid av Magnus Hardeland. Motivet er i blått med 14 sølvmynter langs randen.

Namnet Randaberg stammer truleg frå ordet "rond", rand - ytterkant, som til dømes Jærens ytterkant eller avslutning mot nord. I samsvar med dette er motivet i våpenet plassert ute i skjoldranden. "Myntene" står for rullesteinar, som ein finn på strendene og i fleire gravrøyser i kommunen. (Kjelde: "Norske kommunevåpen" - Kommuneforlaget 1987).

Les meir om kommunevåpenet her.