Gå til sidemenyen

Randaberg kommune

Sammen skaper vi den grønne landsbyen
I moderne tid er Randabergfjellet også brukt som idrettsarena, som her fra Landsbyrittet i april 2010.

I moderne tid er Randabergfjellet også brukt som idrettsarena, som her fra Landsbyrittet i april 2010.

13 000 års historie

Historien til Randaberg er 13 000 år. Bygdebokforfatter Birger Lindanger har skrevet teksten under. Han har forfattet fem bygdebøker for Randaberg.

For 13.000 år sidan drog storisen seg bort frå Randaberg. I løpet av det næraste tusenåret dukka dei fyrste menneska opp etter å kryssa Norskerenna frå Nordsjøkontinentet. På den tida sto sjøen 25 meter høgare enn i dag og gjorde bygda til ei samling øyar og holmar og klimaet var om lag som på Grønlandskysten i dag.

Gradvis steig landet og klimaet blei mildare. Kring 6000 f.Kr. dukka Svarthola opp av havet og blei teken i bruk av folket som då levde som samlarar og jegerar. Dette var truleg hovudbuplassen for ein stamme på kring 25 medlemmar og som hadde Nord-Jæren som sitt område. Kring 4000 f.Kr. starta ein så smått med jordbruk attåt fangsten. På denne tida var klimaet som i Paris og bygda var dekt av store, varmekjære lauvblandingsskogar. Fyrst frå kring 2000 f.Kr. reknar me med at randabergbuen fekk jordbruket som hovudnæring og dei blei bufaste. Etter alt å døma organiserte ein seg nå i litt større samfunn. Som monument frå denne tida, finn me framleis store gravrøyser.

Kring 500 f.Kr. blir klimaet meir som i dag og skogen forsvinn. Samstundes tek folk så smått i bruk jernet. Folketalet stig etter Kristi fødsel, og når eit høgdepunkt i folkevandringstida kring 500 e. Kr. På den tida har det vore minst 33 gardar i bygda som då kan ha hatt ein busetnad på kanskje 200 -300 menneske.

Kring 550 e.Kr. ser det ut til at folkevandringsbusetnaden braut saman. I alle fall blei ei lang rekkje av desse gardane lagde øyde for godt på denne tida. Då folketalet på ny tok seg opp kring 700 e.Kr., fekk ein også utvikling mot ein ny måte å organisera gardsdrifta med klyngetun og permanente åkerområde. På 1100-talet blei det reist to kyrkjer i bygda med kvar sin prest; ei på Randaberg og ei på Viste. Kanskje var også bygda delt i to kyrkjesokn.

Elles heldt det til adel både på Randabergfjellet, der lendmannen Jon Torbergsson var den mest kjende, og på Viste. Det kan også sjå ut til at Goa var ein sentral gard. Her låg skipreidenaustet, her sto det ein stor steinkross som samla folk til gudsteneste før ein fekk kyrkjer, og her må òg tingstova ha lege sidan skipreida fekk namn etter garden. Heile Randaberg, Tasta og området inn til Stavanger, Hundvåg, delar av Madla og Eiganes (garden Stavanger låg under) høyrde til Goa skipreide.

I mellomalderen blei også alle bønder i bygda leiglendingar. Den store eigaren var kyrkja, som åtte 85% av alt jordegodset. Resten høyrde til adelen. Folketalet kan på det meste ha lege rundt 450.

Den store mannedauden nådde Randaberg på haustparten 1349. I løpet av dei hundre åra som fylgde, tvinga pesta folketalet stegvis nedover til kring 150 menneske. Store delar av folka blei avfolka, og gardar som Goa, Leikvoll, Raustein, Vistvik og Todnem blei heilt fråflytta.

Kyrkja på Viste blei lagt ned og rasa saman, medan kyrkja på Randaberg mista presten sin. Truleg i samband med reformasjonen blei Randaberg sokn ein del av Hetland prestegjeld, som omfatta Stavanger landsokn og Riska sokn.

På 1500-talet tok folketalet seg smått opp att og nådde høgmellomaldernivået rundt 1660. Frå dette året stagnerte busetnadsutviklinga fram til 1780. Frå då av starta ein hundreårsperiode med ubroten busetnadsauke frå kring 400 til 1200 innbyggjarar. Det var særleg husmannsplassane som saug opp dei nye som kom til. Midt på 1800-talet fanst det 40 plassar i bygda. Fram til 1920 forsvinn så husmannsvesenet att.

I denne perioden blei også bøndene sjølveigarar. I 1660 selde kongen eige og bispegods til dansk adel. Og den danske adelen selde kring 1670 jordegodset vidare til byborgarane i Stavanger. Frå 1710 tok bøndene sjølv så smått til å kjøpa opp jorda si. I 1780 var helvta av all jord i sjølveige, og i 1860 var alle bønder i bygda sjølveigarar.

Frå 1821 fekk landet ei utskiftingslov som gjorde at det var mogeleg å bryta opp den mellomalderske garden. Randabergbuane sytte svært raskt å skifta ut gardane slik at dei fekk bruka sine i samanhangande stykke. Det gav grunnlag for omfattande nybrotsarbeid, ein aktivitet som mellom anna blei finansiert av gode inntekter frå fisket, ikkje minst etter sild og hummar. Ryddinga av landet gjorde at ein i løpet av siste helvta av 1800-talet i aukande grad kunne gå over til hestereiskap som plog og slåmaskin. Maskinane gjorde at det blei mindre trong til tenestefolk som fekk betre løna arbeid i Stavanger og i Amerika.

Stavanger vaks også mykje midt på 1800-talet og baud fram ein aukande marknad for jordbruksprodukt frå Randaberg. Fram mot 1900 blei det difor bygd skikkeleg byveg og stadig fleire bygdevegar, som enda i Sentrum der den nye kyrkja blei reist i 1845. Her hamna også den faste skulen, klokkargarden og rett over 1900 - forsamlingshuset.

Randaberg var frå 1837 soknekommune i Hetland, d.v.s. at ein hadde indre sjølvstyre med omsyn til saker som galdt fattigstell, skule og kyrkje. Etter som Frue sokn nærast byen blei stadig meir bymessig, følte randabergbuen fellesskapen i ein kommune stadig meir framand.

Under leiing av varaordførar Andreas Harestad tok difor randabergbuen initiativ til å frigjera seg frå Hetland, eit tiltak som lukkast i 1922.

Randabergbuen var på denne tida rekna som svært måtehalden og forsiktig. Difor var både den kommunale og private gjelda midt i krisetida i mellomkrigstida etter måten bare 1/5 av det som var gjennomsnittet for andre jærkommunar.

Under krigen hadde tyskarane store festningsverk langs alle strendene i bygda og også innover i landet. Dei sende også store mannskap hit slik at det faktisk fanst fleire tyske soldatar enn norske mannfolk her. Bygda blei nokon nedsliten under krigen, men kom likevel rimeleg i frå han. Tida etter 2. verdskrigen er prega av eit stadig trykk frå byen og eit systematisk politisk arbeid for å skapa mottrykk. Folkeutviklinga blei nøye kanalisert til byggefelt, der ein stort sett laut kunna via at ein høyrde til bygda for å kunna få tomt. Det er også i siste helvta av 1900-talet at jordbruket laut vika for industri og servicenæring som hovudnæringsveg.

Frå midten av 1960-talet vaks det fram ein kommuneadministrasjon av heilt andre dimensjonar enn tidlegare, noko som kring 1980 tvinga fram eit nytt, tidshøveleg kommunehus. Folketalet etter krigen auka kraftig frå 1945 i 1945 til opp mot 9000 i 2000.

Tendensen den siste generasjonen av 1900-talet var at Randaberg i aukande grad blei pendlarkommune til Stavanger og også andre kommunar på Nord-Jæren. Politisk gjekk også tendensen i retning av at tilflyttarane blei stadig meir dominerande, samstundes som kommunen i aukande grad gjekk inn i eit regionalt samarbeid.