Gå til sidemenyen

Randaberg kommune

Sammen skaper vi den grønne landsbyen
Vistnestunet museumsgard.

Vistnestunet museumsgard.

Gardsarbeid og fiske i gammal tid

I åra 1970-1980 laga Randaberg Bygdemuseum film om “Gardsarbeid og fiske i gammal tid” i Randaberg. Vi har samla nokre glimt frå denne filmen.

Åtte episodar frå filmen
På denne sida presenterer vi åtte episodar frå den opphavelege filmen:
1) Til byen med varer,
2) Omgangsskule,
3) Våronna,
4) I torvmyra,
5) Sildefisket,
6) Mortefiske,
7) Innhausting
8) Nydyrking.
På grunn av tidvis dårleg video- og lydkvalitet, har vi tatt bort lyden som var lagt originalt på filmen.

Total lengde på bygdefilmen er 78 minutt. Tønnes Rygg var ansvarleg for manus og regi, Karthon Håland var fotograf og Stein Raustein har i ettertid tatt seg av redigeringsarbeidet. Dei fleste opptaka i filmen er gjort i og rundt Vistnestunet.

Dei medverkande i filmen er amatørskodespelarar frå Randaberg. Desse er med: Magne Vestvik, Hans Edvard Bø, Sven T. Bø, Steinar Bø, Tønnes Rygg, Kari Holgersen, Sivert Rygg, Endre Bjørheim, Kornelius Bø, Ommund Todnem, Osmund Vigane, Hanna Søvik, Ingar Hodnefjell, Andreas Sande, Arne Kolnes, Oskar Odland, Tora Raustein, Gjertrud Vistvik, Randi Viste, Even Vistvik, Eilert Ognøy, Reidar Randeberg, Toralf Randeberg, Berge Randeberg, Ola Odland, Arthur Vistnes, Erik Bjelland, Gunvald Sande, Berge Sande, Andreas Aurdal og Hans Larsen.

Åtte episodar - klikk på biletet for å sjå filmsnuttane (YouTube):

Skjermdump frå filmen "Til byen med varer"   Skjermdump frå filmen "Omgangsskule" - klikk for biletet for å sjå filmen
Skjermdump frå filmen "Våronna" - klikk for biletet for å sjå filmen   Skjermdump frå filmen "I torvmyra" - klikk for biletet for å sjå filmen
Skjermdump frå filmen "Sildefisket" - klikk for biletet for å sjå filmen   Skjermdump frå filmen "Mortefiske med glib" - klikk for biletet for å sjå filmen
Skjermdump frå filmen "Innhausting av korn og tresking" - klikk for biletet for å sjå filmen   Skjermdump frå filmen "Nydyrking, grøfting og steinmining" - klikk for biletet for å sjå filmen